Morgon med Sogndal kommune

I dette hybride seminaret deler Sogndal kommune, Statsforvaltaren i Vestland og Digitaliseringsdirektoratet korleis forvaltningsnivå har samarbeidd med Tillitsreforma som ramme.

Arrangementet vert opna med ei helsing frå kommunal- og distriktsminister Erling Sande.

Sogndal kommune har jobba aktivt og praktisk med Tillitsreforma i fleire høve og er vertskap for to seminar denne onsdagen 13. november.

Konkret går kommunen og dei to statlege verksemdene inn på tre tema:

  • Digitalisering for innbyggjarane sitt beste (Digdir).
  • Meir samanhengande arbeid med overordna plan (Statsforvaltaren i Vestland og Sogndal kommune).
  • Ein ny måte å jobbe med tilsyn på, for å utvikle tilboda for elevane (Statsforvaltaren i Vestland og Sogndal kommune).

Følg arrangementet digitalt

Deltakarar

Erling Sande, kommunal - og distriktsminister

Sogndal kommune:

Joakim Systaddal, utfordrar

Tor-Einar Skinlo, kommunedirektør

Helle Selseng, HR-leiar

Statsforvaltaren i Vestland:

Liv Signe Navarsete

Digitaliseringsdirektoratet:

Frode Danielsen, direktør

-
Arrangør
Sogndal kommune
Hvor
Hybrid
Aktivitet
Seminar
Påmelding